Til hovedsiden Vare bunader Rallarantrekk Sporsmal og svar Til bestilling Kontakt oss!
 
 
 
cvetok Kvinnebunad fra Gudbrandsdalen  

I 1921 fekk Norsk folkemuseum ein livkjole frå Nord-Gudbrandsdalen til tekstil samlinga si. Liv kjolen var sydd som brurestakk. Stakken er av 1700-talstype, av blått ullty vove i toskaft. Han har broderte blomstermotiv og eit raud ullband i nedkanten. Foret er av blått ullty. Stakken har ikkje broderi på den øverste delen og har opphavleg truleg vore brukt saman med eit skøyteliv. Det raude liv av ulldamask er difor yngre enn stakken. Stakk og livstykke er sydde saman.
 Den rekonstruerte bunaden fekk eit raud liv som var samansydd med stakken. Livet er handsydd og har hekter midt framme eit stykke opp frå livet. I framkanten er det doble strikningar sydde med maskin.Det er nokså sikkert at forkle ikkje høyrer med til denne og liknande broderte stakkar.
 Arbeider med rekonstruksjonen vart utført av Husfliden i Oslo, og dei tradisjonelle sauprinsippa i dalen vart nytta.Stikningane på livet vart sydde med hand og stakken fekk motfold midt bak. Livkjolen på Norsk Folkemuseum er den samme som var utgangspunketet for festbunaden frå Gudbrandsdalen.

STAKKEN blir sydd av blått ullstoff med raud skoning. Blomstermotiva er broderte med ullgarn i mange fargar og metalltråd.
LIVET er av raud ulldamask med hekter.
SKJORTA er av kvitt lin.
HUVA er av blå eller svart silke.
TRØYA er av det same ulltyet som stakken og i tradisjonelt snitt.

kjole
jakke